Når barn og unge treng hjelp

Det skal vere trygt og godt å vekse opp i Stad. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I vår kommune følgjer vi BTI-modellen for å sikre at barn og unge får den hjelpa dei treng.

Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med Politi 112

Barnevernstenesta 95078876 (Kontortid 08-15.30) eller

Barnevernstenesta, akuttvakt 45976206 (NB kun utanom kontortid)